To prosjekt får 19 millionar

Haugesunds utslippsfrie autonome bybåt får over 11 millionar kroner frå Ulla-Førrefondet. Det får ordførar Arne-Christian Mohn til å juble. Juble gjør også Sandnes-selskapet SEID som får åtte millionar.

Ordfører i Haugesund. Foto - Klikk for stort bildeHaugesunds ordfører Arne-Christian Mohn er takksam for støtta frå Ulla-Førrefondet. Håkon Nordvik

Styret i Ulla-Førrefondet innvilga i november 2022 i overkant av 23 millionar kroner til seks søkarar. No får to nye søkarar som søkte midlar frå 2022-potten innvilga støtte.  

15. februar innvilga Ulla-Førrefondets styre støtte til følgjande to prosjekt:

  1. Haugesund kommune får 11,1 millionar kroner til “Utslippsfri autonom bybåt”. Gjennom prosjektet skal det utviklast ein nasjonal pilot for utsleppsfri autonom bybåt i Haugesund, som skal resultera i mindre køar og utsleppsreduksjonar lokalt.  
  2. Sandnesbaserte SEID AS får åtte millionar kroner til prosjektet «Bærekraftig hydrogen og fast karbon fra natur (biogass)». Ambisjonen i prosjektet er etablering av storskala produksjon av berekraftig hydrogen i Rogaland utan produksjon av klimagassar 

Nasjonalt prosjekt 

I dag fekk me ei fantastisk nyheit. Me er svært takksame for at Ulla-Førrefondets styre ser prosjektet som ein svært viktig innovasjon for framtidas sjølvgåande passasjerbåtar. Dette er eit nasjonalt prosjekt, men med eit stort tyngdepunkt i den naritime hovudstad, Haugesund, seier Arne-Christian Mohn, ordførar i Haugesund.  

Berekraftig hydrogen 

Gleda var også stor i Risavika etter onsdagens styremøte.

Me er svært takksame for støtta frå Ulla-Førrefondet. Midlane er heilt avgjerande for at me no kan starta eit prosjekt som tar sikte på å realisera produksjon av låg-karbon og berekraftig hydrogen i Risavika. Dette i ein skala som i første omgang kan dekka regionale behov, utan behov for eksport til kontinentet, seier Terje Hauan, teknisk sjef i SEID.

Totalt 43 millionar

Opphavleg blei det lyst ut 35 millionar kroner i 2022-utlysinga, men på grunn av tidlegare innvilga prosjekt som ikkje er igangsette, har styret vedtatt at desse midlane skal omdisponerast til aktuelle og gryteklare prosjekt. Det inneberer at Ulla-Førrefondet totalt sett innvilgar i overkant av 43 millionar kronar til prosjekt som søkte midlar i 2022.  

Tre eigarar

Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune. Ulla-Førrefondets sekretariat har kontoradresse h Rogaland fylkeskommune.  

Kontaktinformasjon til styret