Haugesunds ordfører Arne-Christian Mohn er takksam for støtta frå Ulla-Førrefondet.
Håkon Nordvik
Styret i Ulla-Førrefondet innvilga i november 2022 i overkant av 23 millionar kroner til seks søkarar. No får to nye søkarar som søkte midlar frå 2022-potten innvilga støtte.
15. februar innvilga Ulla-Førrefondets styre støtte til følgjande to prosjekt:
- Haugesund kommune får 11,1 millionar kroner til “Utslippsfri autonom bybåt”. Gjennom prosjektet skal det utviklast ein nasjonal pilot for utsleppsfri autonom bybåt i Haugesund, som skal resultera i mindre køar og utsleppsreduksjonar lokalt.
- Sandnesbaserte SEID AS får åtte millionar kroner til prosjektet «Bærekraftig hydrogen og fast karbon fra natur (biogass)». Ambisjonen i prosjektet er etablering av storskala produksjon av berekraftig hydrogen i Rogaland utan produksjon av klimagassar.
Nasjonalt prosjekt
– I dag fekk me ei fantastisk nyheit. Me er svært takksame for at Ulla-Førrefondets styre ser prosjektet som ein svært viktig innovasjon for framtidas sjølvgåande passasjerbåtar. Dette er eit nasjonalt prosjekt, men med eit stort tyngdepunkt i den naritime hovudstad, Haugesund, seier Arne-Christian Mohn, ordførar i Haugesund.
Berekraftig hydrogen
Gleda var også stor i Risavika etter onsdagens styremøte.
– Me er svært takksame for støtta frå Ulla-Førrefondet. Midlane er heilt avgjerande for at me no kan starta eit prosjekt som tar sikte på å realisera produksjon av låg-karbon og berekraftig hydrogen i Risavika. Dette i ein skala som i første omgang kan dekka regionale behov, utan behov for eksport til kontinentet, seier Terje Hauan, teknisk sjef i SEID.
Totalt 43 millionar
Opphavleg blei det lyst ut 35 millionar kroner i 2022-utlysinga, men på grunn av tidlegare innvilga prosjekt som ikkje er igangsette, har styret vedtatt at desse midlane skal omdisponerast til aktuelle og gryteklare prosjekt. Det inneberer at Ulla-Førrefondet totalt sett innvilgar i overkant av 43 millionar kronar til prosjekt som søkte midlar i 2022.
Tre eigarar
Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune. Ulla-Førrefondets sekretariat har kontoradresse hjå Rogaland fylkeskommune.
Kontaktinformasjon til styret