Ulla-Førrefondets styre, fra venstre Elin Schanche, Torkel Myklebust, Asle Rafdal, Ove Jølbo og Kjetil Harestad
Ulla-Førrefondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i Rogaland. Til Ulla-Førrefondets utlysing for 2022 blei det sendt inn 27 søknadar til søknadsfrist 1. september.
Nyskapande prosjekt
Søknadssum var totalt i overkant av 180 millionar kroner, og kvaliteten på søknadane er samla sett svært høg. Det er generelt god geografisk spreiing knytt til søkjarar. Tematisk er det også god spreiing, med ei hovudvekt på søknadar som er relatert til havindustrien og fornybar energi.
– Det er positivt at vi gjennom årets utlysing kan innvilga støtte til nyskapande prosjekt av svært høg kvalitet, som vil vere viktige bidrag til grøn omstilling, verdiskaping og auka sysselsetting i Rogaland. Det er oppløftande å sjå den store omstillingsevna blant næringsliv og offentleg sektor i Rogaland, seier styreleiar i Ulla-Førrefondet Torkel Myklebust.
Desse får støtte
I sitt styremøte 22. november har følgjande seks prosjekter fått innvilga støtte:
Marin Energi Testsenter AS:
Får tre millionar kroner til “Havvind Vest: Eit målretta program for industriomstilling”
Prosjektet skal etablera eit program der Marin Energi Testsenter aktivt skal jobba for at regionale leverandørbedrifter skal få utført referanseprosjekt innan havvind.
Maritime CleanTech:
Får 2,49 millionar kroner til “EU-mobilisering for grøn omstilling av skipsfarten”.
Prosjektet skal bidra til grøn omstilling av næringslivet i Rogaland, ved å sikre fleire aktørar EU-finansiering til å utvikla grønare skipsfart.
Ryfylke IKS:
Får fem millionar kroner til “Ryfylke: Utdanningssenter og havbruksutdanning”.
Prosjektet skal etablera eit utdanningssenter for høgare utdanning i Ryfylke, og som ein del av dette tilbodet oppretta ein bachelorgrad i havbruk.
Rosenberg Worley AS:
Får 5,4 millionar kroner til “Flex2power”.
Konseptet skal produsera fornybar energi frå vind, bølger og sol på same flytande fundament ute i havet.
Årdal Aqua AS:
Får 5,015 millionar kroner til “Sirkulærøkonomisk industriklynge”.
I prosjektet skal det gjennomførast ein forstudie for etablering av ein fullverdig sirkulær industriklynge i Årdal i Hjelmeland kommune.
Universitetet i Stavanger:
Får tre millionar kroner til “Senter for havbruksteknologi: Nye grøne verdikjeder for havbruk”
Prosjektet skal resultera i eit felles senter for havbruksteknologi for næring, offentleg sektor og forskingsaktørar.
Takknemlege søkarar
– Dette var ein svært gledeleg nyheit! Ulla Førre-fondet bidrar til å styrka den grøne maritime omstillinga langs kysten vår. No skal me saman utvikla nye banebrytande industrisamarbeid som får fram grøne løysingar for havnæringane, seier konstituert direktør Håvard Tvedte i Maritime CleanTech.
– Universitetet i Stavanger er veldig takksame for midlane frå Ulla-Førrefondet som gir oss moglegheit til å byggja kompetanse og bidra til innovasjon i nye berekraftige verdikjede i havbruksnæringa, seier professor Ragnar Tveterås ved Universitetet i Stavanger.
Rosenberg og Årdal Aqua er også takksame for midlane til satsing på grøne løysingar.
– Midlar frå Ulla-Førrefondet betyr at vi kan fortsetja prosjektet som planlagt og vi er helt avhengig av støtte frå verkemiddelapparatet til vårt konsept seier prosjektleiar Knut Magne Høiland i Rosenberg Worley.
– Midlane løyser ut eit spennande prosjekt som vil styrka berekrafta i matproduksjonen i Ryfylke, gjennom sirkulær utnytting av restråstoff frå havbruk og landbruk i regionen. Vi ser fram til oppstart av prosjektet, seier Steffen Kildal, leder i prosjektgruppen til industriklyngen i Årdal.
Styret i Ulla-Førrefondet
Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune. Ulla-Førrefondets sekretariat har kontoradresse hos Rogaland fylkeskommune.