Fem søkjarar får totalt 32,1 millionar frå Ulla-Førrefondet

Deep Ocean AS, Høgskulen på Vestlandet, Risa AS, Universitetet i Stavanger og Blue Planet AS får til saman 32,1 millionar kroner frå Ulla-Førrefondet. 

Tre menn på rekke. Foto - Klikk for stort bildeUlla-Førrefondet gir 4,4 millioner i prosjektstøtte til Blue Planet AS. Andreas Heskestad (f.v.), Tord Ludvigsen og Ragnar Tveterås

 

Det kom inn 41 søknadar til Ulla-Førrefondets tredje utlysing med søknadsfrist 1. september, ei betydeleg auking frå 27 søknadar i 2022. Fondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i Rogaland. 

Nyskapande prosjekt

Total søknadssum var på i overkant av 270 millionar kroner, og kvaliteten på søknadane er samla sett høg. Tematisk er det god spreiing knytt til søkjarar, med ei hovudvekt på prosjekt innanfor grøn industri og fornybar energi, men også fleire innslag frå universitets- og høgskulesektoren. Det er også god geografisk spreiing blant søkjarane.  

– Det er gledeleg å innvilga støtte til fem nyskapande prosjekt som alle vil ha stor betydning for grøn omstilling, verdiskaping og auka kompetanse i Rogaland, seier styreleiar i Ulla-Førrefondet, Jonas Andersen Sayed.  

Desse får støtte

Følgjande fem prosjekt fekk innvilga støtte under fondets styremøte den 22. november: 

Deep Ocean AS får 5,2 millionar kroner til “Ocean Inspector”.

Prosjektet omhandlar undervassteknologi og testing av autonome fartøy, og vil kunne leggje til rette for kostnadsreduksjonar og redusert CO2-utslepp for næringslivet.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) får 7,5 millionar kroner til “Reint laboratorium”.

Laboratoriet skal bli ein møtestad for studentar, industri og forskarar, og skal nyttast til utprøving av maskinar, apparat og komponentar som har med elektrifiseringa av samfunnet å gjera.

Risa AS får fem millionar kroner til “Utslippsfri anleggsplass med selvforsynt energisystem”.

Gjennom prosjektet skal Risa få på plass ein fullskala demonstrasjon av en utslippsfri anleggsplass med sjølvforsynt energisystem, og å lage ein opplæringspakke.

Universitetet i Stavanger (UiS) får 10 millionar kroner til “Elkraftsatsing ved UiS”.

Gjennom prosjektet skal UIS tilby ei moderne elkraftsatsing, og vil bidra til å skape kompetansen som trengs for elektrifiseringa og omstillinga av samfunnet.

Blue Planet AS får 4,4 millionar kroner til “Måling av vær- og miljødata i Norskerenna Sør”.

Prosjektet, som skal henta inn data frå norske farvatn, er viktig for å kome i gang med fiskeoppdrett til havs, og vil bidra til nye grøne verdikjeder for havbruk.

Takksame søkjarar

– Me er utruleg takksame for tildelinga frå Ulla-Førrefondet. Støtta anerkjenner ikkje berre det innovative potensialet til prosjektet, men reflekterer også vårt engasjement for å fremja bransjens moglegheiter, seier Kristoffer Johansen, teknologisjef i DeepOcean. 

– Med desse midla skal me reisa eit nybygg med eit stort laboratorium til utprøving av alle typar maskinar, apparat og komponentar som har med elektrifiseringa av samfunnet å gjera. No står fleire arbeidsgrupper ved HVL klare til ein dugnad for å detaljplanleggja bygget og få det reist, fortel prosjektleiar Vidar Frette. 

– Utan desse midla ville det ha vore utfordrande å nå måla i prosjektet, og me er takksame for bidraget, seier Lars Rune Nygård, leiar for utvikling og produksjonsteknologi i Risa. 

UiS og Blue Planet er også glade for å få støtte. 

– Dette er svært gode nyheiter. Med støtta frå Ulla Førre klarer UiS på rekordtid å tilby ein moderne elkraftsatsing som er heilt grunnleggjande for å kunne utdanne kompetansen som trengs for det grøne skiftet, seier Øystein Lund Bø, dekan ved Det teknisk-naturvitenskapelege fakultet ved UiS. 

– Midla frå Ulla Førre for målinger av miljødata betyr svært mykje for utviklinga av berekraftig havbruk til havs, båe i Rogaland og Norge. Målingane vil gje viktig kunnskap om miljøforhold som påverkar fiskevelferd og drifting og dimensjonering av oppdrettsanlegg ute i havet, seier Tord Ludvigsen, forskar innan havbruksøkonomi. 

Styret i Ulla-Førrefondet

Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune.