Universitetet i Stavanger, Rental Technology Services AS og GOE-Productions AS får til saman 23,8 millionar kroner frå Ulla-Førrefondet.
– Det er gledeleg å innvilga støtte til tre ulike, men veldig gode prosjekt. Det dei har felles er at dei kvar for seg svarar framifrå på fondets formål, nemleg å bidra til grøn omstilling, verdiskaping og auka kompetanse i Rogaland, seier styreleiar i Ulla-Førrefondet, Jonas Andersen Sayed.
Ulla-Førrefondets styre: Kjetil Harestad (Sunnhordland Kraftlag), Leif Harald Jensen (Lyse), Jonas Andersen Sayed (styreleiar, Rogaland fylkeskommune, KrF), Asle Rafdal (Rogaland fylkeskommune, Ap) og Anne Marie Lund (Rogaland fylkeskommune, H)
Thor Erik Waage, Rogaland fylkeskommune
27 søknadar på 144 millionar
Det kom inn 27 søknadar til Ulla-Førrefondets utlysing i år. Fondet skal gje økonomisk støtte til prosjekt som omfattar grøn omstilling av næringsliv og utvikling av høgare utdanning i Rogaland.
Total søknadssum var på i overkant av 144 millionar kroner, og det er gjennomgåande høg kvalitet på søknadane.
Tematisk sett fell eit fleirtal av prosjekta innanfor grøn industri og fornybar energi, men det er og fleire innslag frå universitets- og høgskulesektoren. Det er god geografisk spreiing blant søkjarane.
Desse får støtte
Følgjande tre prosjekt fekk innvilga støtte under fondets styremøte den 22. november:
Universitetet i Stavanger (UiS)
Universitetet i Stavanger.
Siri Pedersen/UiS
Universitetet i Stavanger (UiS) får 10 millionar kroner til oppstartsfinansiering for profesjonsstudium i psykologi frå Ulla-Førrefondet.
Gjennom prosjektet skal UiS blant anna tilby ein intern klinikk som skal brukast til praksis for studentane og som skal tilby lågterskel psykiske helsetenester til studentar og andre som ikkje har alvorlege psykiske lidingar. Klinikken blir ein stor helsetenestetilbyder i Rogaland som vil avlaste kommunehelsetenestene og spesialisthelsetenestene.
Prosjektet «Goby Wave Charger» fra Rental Technology & Services AS (RTS)
Prosjektet «Goby Wave Charger» fra Rental Technology & Services AS (RTS) får innvilga 5 757 500 kroner til å vidareutvikla ein bølgjeladar.
Goby-konseptet består av to lekamar som beveger seg forskjellig i forhold til kvarandre. Denne forskjellen i rørslemønster gjer det mogleg å drive ein turbin som lagar elektrisitet, og som gjer straum til utstyret som er montert på bøya. Den flytande bøya vil framover utviklast til å kunne lade for eksempel undervassbatteripakkar, gje straum til miljøovervakingsutstyr, lyttekablar og kunne kommunisere med desse.
GOE-Production AS - prosjektet «Scale-up NorFill»
GOE-Production AS får innvilga 8,06 millionar kroner til prosjektet «Scale-up NorFill».
GOE-Production utviklar eit norskprodusert biologisk granulat til kunstgrasbanar, som eit alternativ til gummigranulat.
Dette prosjektet tar sikte på å skalera opp dagens pilot-produksjon til å bli eit kommersielt berekraftig produksjonsanlegg, som samtidig tek i vare produktkvalitet og karbonnøytralitet.
Styret i Ulla-Førrefondet
Ulla-Førrefondets styre består av representantar frå fondets tre eigarar, Lyse, Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Rogaland fylkeskommune.